I dag er Øystein Lid gjesteskribent på bloggen Monastisk. Han har
skrevet en artikkel om pinse, som jeg synes er så god, at flere burde få
del i den. Øystein Lid er et aktivt medlem av Den nordisk-katolske kirke:
Pinsevener eller den karismatiske rørsla er i dag rekna for å vera
den nest-største forma for kristendom i verda med mellom 500 og 700
millionar tilhengarar. Somme snakkar om at kristenheiten går mot ei
polarisering: På den eine sida vil dei tradisjonelle og eldste kyrkjene
(katolske og ortodokse) veksa, og pinsekristendommen vil veksa på den
andre sida. I mellomspennet vil kanskje fråfallet berre tilta.
Som tidlegare medlem av ein karismatisk menighet ser eg både kva som
var positivt og kva som er negativt med den karismatiske rørsla. Ho er
fødd ut av eit ønske om å erfara Gud, ikkje berre prøva å forstå han
rasjonelt. I utgangspunktet er det bra. Men det er også det som er
bevegelsens store problem: I eit ønske om å erfara mest mogleg stiller
ho alle åndelege dører på vidt gap: Ein er så glad og open for alt som
kjem av visjonar, bilete, mirakel-historiar, og profetiar – at ein
gløymer å tenkja over om kor lett det er å bli lurt? Mange har i
ettertid funne at dei var lette offer for menneske med andre føremål enn
dei reint åndelege, og kanskje til og med lette bytte for forføraren.
Hadde me berre kjent til heilage Silouan (1866 – 1938) sine åtvaringar:
“Dersom du ser eit lys inni deg, eller rundt deg – tru ikkje på det
dersom du ikkje saman med dette kjenner sterk kjærleik til Gud og til
din neste. Ver ikkje redd, og ver audmjuk, så vil lyset forsvinna.
Dersom du ser ein visjon, eller eit bilete, eller ein draum – tru ikkje
på det. For viss det er frå Herren, vil Herren læra deg. Sjela som ikkje
har erfart Den Heilage Ande kan ikkje forstå visjonar, og heller ikkje
kvar dei kjem frå. Fienden kan gje sjela gode kjensler blanda med
forfengelegheit – med andre ord hovmot (eit oppblåst sjølvbilete eller
grandiose tankar om eigen viktigheit, min merknad). Dersom ein visjon
kjem frå fienden vil ein audmjuk person kanskje bli forvirra og redd –
for han kjenner seg ikkje verdig til å få ein visjon. Men ein hovmodig
person kjenner ikkje frykt eller forvirring, for han søkjer visjonar og
kjenner seg verdig, og som resultat blir han lett lurt av fienden.”
Eg lurar på kor mange visjonar, bilete, profetiar og mirakelhistoriar som eigentleg berre var falskneri?
Men for dei som sverjar til det reint rasjonelle har Silouan også ei åtvaring, på same side:
“Det himmelske kan berre erfarast gjennom Den Heilage Ande, og det
jordiske gjennom sinnet. Den som ønsker å erfara Gud med sinnet gjennom
vitenskap (learning) er hovmodig. For Gud kan berre erfarast gjennom Den
Heilage Ande”.
Fortsatt god pinse!
Totalt antall sidevisninger
Viser innlegg med etiketten Øystein Lid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Øystein Lid. Vis alle innlegg
torsdag 31. mai 2012
tirsdag 15. november 2011
Nytt ikon av Hl.Sunniva
Dagens bloggartikkel er skrevet av Øystein Lid, medlem av Den nordisk-katolske kirke i Bergen. Artikkelen er gjengitt med velvillig tillatelse av forfatteren. Den er skrevet i forbindelse med at biskop Roald Nikolai Flemestad innviet et ikon av den kjente ikonkunstneren Solrunn Nes. Jeg synes artikkelen var så interessant at flere burde få del i den:"Sunniva er for ein stor del gløymd i den byen som tidlegare æra henner som eigen vernehelgen," skriv middelalderhistorikar Alf Tore Hommedal i boka "Sankta Sunniva og det heilage skrinet". Men nesten 500 år etter at overivrige reformatorar fjerna mykje av kunsten som framstilte distriktets viktigaste helgen, er i alle fall ei kyrkje i Bergen igjen pryda av Sta. Sunniva sitt helgenbilde.
Sundag 4. september innvigde biskop Flemestad ikonet som er laga av den kjende ikonkunstnaren Solrunn Nes.
- Eg har tilbrakt ein del timar saman med henne, og det var eit interessant bekjentskap, seier Solrun til kyrkjebladet om ikonet.
Delvis på grunn av ein broten ankel, delvis på grunn av at det å måla eit ikon er ein omstendeleg prosess, har det teke fleire månader å få det ferdig. Kvart ikon blir nesten som ein danningsreise, fortel Solrun. Det fyrste ho måtte gjera var å saumfara eksisterande bilete og figurar av Sta. Sunniva.
- Ikkje alt vart øydelagt under reformasjonen. Ein del kyrkjekunst blei gløymt unna på gardar og avsidesliggjande plasser. Skulpturar og tavler av Sunniva finst i dag på musea, seier Solrun.
Då ho såg på figurane og bileta var det mange av dei hadde til felles. Sunniva ber på ein tung stein i eine handa.
- I vestleg ikonkunst blir martyrar gjerne fremstilde med avrettingsvåpnet, og sidan Sta. Sunniva døydde under eit steinras, er ho framstilt med ein stein, fortel kunstnaren.
På det nye ikonet ser ein også ein dronningkrune ved føtene til Sunniva.
- Sunniva valde bort å bli dronning over Irland, og det har eg symbolisert med kruna på bakken. Det er ein djup kristen tanke å gi avkall på det som kan byggja opp sjølvlivet, seier Solrunn.
Skipet i bakgrunnen, der masta er forma som ein kross, oppfordrar oss til å gjera som Sunniva og fylgjet hennar - overgi oss til Jesus Kristus og lita på at han styrer skuta. Ellers fylgjer framstillinga av helgenen historiske forelegg. Drakta tilsvarer moten blant kvinner på 800-talet. Lange fletter som ender i eit futeral laga av kostbart materiale er også historisk riktig for perioden.
- Kvifor er ikonar viktige for oss?
- Det finst det fleire svar på. Eitt som ofte blir teke fram er at ikona er ein vindauge til det himmelske. Det minnar oss på eit heilagt nærvær. Ikonane er også ein liturgisk kunst. I Austkyrkja finn ein at ord og bilete er likestilte som formidlarar av den kristne trua, seier Solrunn. Ho har også skreve ein bok om emnet, med tittelen Mysteriets formspråk.
Til sist spør med kunstnaren korleis me i Den nordisk-katolske kyrkja bær nærma oss ikonet, siden me ikkje har særleg lang erfaring med å bruka dei:
- Ortodokse kristne kyssar ikona - bør me gjera det same? Eller skal dei berre henga høgt oppe på veggen slik praksisen er i ein del romersk-katolske kyrkjer?
- Det heilage biletet kan henga på veggen eller vera plassert på ein pult, tilgjengeleg for venerasjon. Det viktigaste er at ikonet vert handsama med respekt, som eit sakralt objekt. Korleis dette skjer reint praktisk avheng av kva som er naturleg for den aktuelle kyrkja sin arv og tradisjon, avsluttar Solrunn Nes.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
