Totalt antall sidevisninger

tirsdag 15. november 2011

Nytt ikon av Hl.Sunniva

Dagens bloggartikkel er skrevet av Øystein Lid, medlem av Den nordisk-katolske kirke i Bergen. Artikkelen er gjengitt med velvillig tillatelse av forfatteren. Den er skrevet i forbindelse med at biskop Roald Nikolai Flemestad innviet et ikon av den kjente ikonkunstneren Solrunn Nes. Jeg synes artikkelen var så interessant at flere burde få del i den:

"Sunniva er for ein stor del gløymd i den byen som tidlegare æra henner som eigen vernehelgen," skriv middelalderhistorikar Alf Tore Hommedal i boka "Sankta Sunniva og det heilage skrinet". Men nesten 500 år etter at overivrige reformatorar fjerna mykje av kunsten som framstilte distriktets viktigaste helgen, er i alle fall ei kyrkje i Bergen igjen pryda av Sta. Sunniva sitt helgenbilde.

Sundag 4. september innvigde biskop Flemestad ikonet som er laga av den kjende ikonkunstnaren Solrunn Nes.

- Eg har tilbrakt ein del timar saman med henne, og det var eit interessant bekjentskap, seier Solrun til kyrkjebladet om ikonet.

Delvis på grunn av ein broten ankel, delvis på grunn av at det å måla eit ikon er ein omstendeleg prosess, har det teke fleire månader å få det ferdig. Kvart ikon blir nesten som ein danningsreise, fortel Solrun. Det fyrste ho måtte gjera var å saumfara eksisterande bilete og figurar av Sta. Sunniva.

- Ikkje alt vart øydelagt under reformasjonen. Ein del kyrkjekunst blei gløymt unna på gardar og avsidesliggjande plasser. Skulpturar og tavler av Sunniva finst i dag på musea, seier Solrun.

Då ho såg på figurane og bileta var det mange av dei hadde til felles. Sunniva ber på ein tung stein i eine handa.

- I vestleg ikonkunst blir martyrar gjerne fremstilde med avrettingsvåpnet, og sidan Sta. Sunniva døydde under eit steinras, er ho framstilt med ein stein, fortel kunstnaren.

På det nye ikonet ser ein også ein dronningkrune ved føtene til Sunniva.

- Sunniva valde bort å bli dronning over Irland, og det har eg symbolisert med kruna på bakken. Det er ein djup kristen tanke å gi avkall på det som kan byggja opp sjølvlivet, seier Solrunn.

Skipet i bakgrunnen, der masta er forma som ein kross, oppfordrar oss til å gjera som Sunniva og fylgjet hennar - overgi oss til Jesus Kristus og lita på at han styrer skuta. Ellers fylgjer framstillinga av helgenen historiske forelegg. Drakta tilsvarer moten blant kvinner på 800-talet. Lange fletter som ender i eit futeral laga av kostbart materiale er også historisk riktig for perioden.

- Kvifor er ikonar viktige for oss?

- Det finst det fleire svar på. Eitt som ofte blir teke fram er at ikona er ein vindauge til det himmelske. Det minnar oss på eit heilagt nærvær. Ikonane er også ein liturgisk kunst. I Austkyrkja finn ein at ord og bilete er likestilte som formidlarar av den kristne trua, seier Solrunn. Ho har også skreve ein bok om emnet, med tittelen Mysteriets formspråk.

Til sist spør med kunstnaren korleis me i Den nordisk-katolske kyrkja bær nærma oss ikonet, siden me ikkje har særleg lang erfaring med å bruka dei:

- Ortodokse kristne kyssar ikona - bør me gjera det same? Eller skal dei berre henga høgt oppe på veggen slik praksisen er i ein del romersk-katolske kyrkjer?

- Det heilage biletet kan henga på veggen eller vera plassert på ein pult, tilgjengeleg for venerasjon. Det viktigaste er at ikonet vert handsama med respekt, som eit sakralt objekt. Korleis dette skjer reint praktisk avheng av kva som er naturleg for den aktuelle kyrkja sin arv og tradisjon, avsluttar Solrunn Nes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar